På debattlista biblioteknorge har klagane vore høglydte i det siste om kor lang tid det tar å få tilsendt fjernlånsbøker til Utkant-Noreg. Det er ingen fare for dei sentrale stroka på Austlandet der mange bibliotek er blitt kundar av firmaet Norsk Bibliotek Transport AS (NBT) eller nyter godt av at dei store utlånsbiblioteka er det. NBT har dei siste åra etablert seg med ei effektiv teneste som gjer det mogeleg å auke fjernlånet nesten uavgrensa, men utan at det kostar meir enn den tidlegare bruken av Posten. Biblioteka slepp samtidig den individuelle pakkinga av kvar enkelt bok. Snøggare går det også, særleg i kjerneområda til NBT. Derimot meiner bibliotek i blant anna Møre og Finnmark at det tar lengre tid enn før å få bøkene, utan at nokon kan påvise ein direkte samanheng.NB! vi kan også gi kommentar på artikkelen i www.norskbibliotekforening.no
17.4.08
Fjernlånstransport på avvegar?
Fjernlånstransport på avvegar?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar