13.12.07

GOD JUL!

Eg har ca 1/2 time att av arbeidsåret 2007. Tidleg å ynskja god jul, men nokon må begynne!! Eg får lang juleferie i år også; litt kjedeleg fordi eg styrar ikkje så gale til jul. Men eg kan avsløra her og no at eg syr! Så no tenkte eg å gå heim og starte eit julegåve-skjorteprosjekt til EB. Det kan bli morsomt!

Eg er for blogging! Tykte den e-posten du skreiv om saka var ypperleg, Ann! Eg har sans for ein arena for den uformelle samtalen, spesielt sidan me bur så grisgrendt. Men det ligg også ein fare i denne kjappe 2.0-kommunikasjonsforma. Fort kan det bli sendt ord og vendingar som kan mistolkast. Det kan bli litt ekkelt, og ein vegrar seg i neste omgang. Så altså, ein må vera raus og positiv! Elles vart det sagt i Oslo ... av nokon som kom direkte frå London-on-line, at bibliotek 2.0 med blogging, wikkiar, facebook, YouTube og kva det no heiter alt, ikkje var noko stort farleg dyr der ute. Enkle saker alt saman , lært på 15 min. Det er ulike former for el. kommunikasjon for generasjon y som me som har levd ei stund også kan leike med. Så, fram for meir blogging i 2008!

God jul til dykk alle!! Me kan ha det kjekt utan at me treng å eta og drikka så skrekkeleg mykje!

3 kommentarer:

astridsa sa...

Eg hadde tenkt å fortelja om den kjekke julelunsjen på biblfjøra igår: dei tilsette på ASF kom til bibl med matpakka si. Dei fekk god gløgg, nysteikt, kjempegod eplekake m krem og mange andre julegodsaker. Lise las ei flott moderne juleforteljing av Levi Henriksen. Publikum sat som tente lys. Det var bra! Lise les godt! Inger delte ut årets avislesarpris! Det knytte seg stor spenning til dette innslaget. Borghild og eg såg på og konverserte gjestane. Flott tradisjon! Tusen takk for meg på Fjøra! Eg har hatt det godt her!

Borghild sa...

Hei Astrid,

og God Jul til deg òg. Håper du kommer til å skrive mye på bloggen vår i det nye året!!!

GOD JUL!!!!!!!!!!!!!

ann sa...

God jul til deg og Astrid, og velkommen tilbake som leder på nyåret! Du kan vel juleferieblogge litt - litt faglig og litt rapportering fra julebaksten og sånt?