25.10.07

Borghild er min beste venn!

Eg meiner det! Iallfall på jobben. Eg spør ho om alt muleg og ho er berre snill og tålmodig. No f.eks., har me lært meg for andre gong å vera bloggar. Endå eg har ikkje tid på ein flekk! Her er kva eg har lært:
det nyttar berre med firefox,
e-postadressa er brukarnamn,
passord er for langt til at eg kan bruke mitt "vanlege" og eg hugsa ikkje att det eg hadde brukt forrige gong, dermed måtte eg be om nytt, men så gjekk alt greitt og her er eg!

Kva har eg lært og ynskjer å vidareformidle til mine kjære kollegaer? Jau, at ta ein telefon/ gå til borghild (eller no meg) når du ynskjer ein liten pause. Det er hyggeleg å læra noko saman med Borghild. Dessutan lærer ein korleis det er å læra. Det har ikkje gamle kjerringar vondt av. Og slutt å skulde på at me har det så travelt! Det er som regel lysta det kjem an på, trur no eg.
(og tru berre ikkje at eg har det laidback på jobben! hels..., korleis skal eg få unna alt som står på lista mi? i morgon er det fridag igjen!)

1 kommentar:

Borghild sa...

Astrid er min beste venn!
Sånn kan det sies. Ellers så mener jeg at vi bibliotekarer er hver andres beste venner og hjelpere. Og så så mye vi kan lære av hverandre. + at en lærer så mye at prøve å lære andres. Og for å være mer uformell. Her er et bilde jeg har laget av mine favoritt-sangere.